Hjem

Søk

Takk for hjelpen

Netbox
Barna taper i Fattig-Noreg PDF Skriv ut E-post
Saturday 03. June 2006
Fra Bergens tidende HANS K. MJELVA
Publisert: 31.08.2005

- Barna taper i Fattig-Noreg

20.000 barn i Noreg veks opp i fattige familiar. SV reagerer på at lite blir gjort for å hjelpe desse, samstundes som nordmenn flest blir stadig rikare.

Regjeringas eigne tal viser at mellom 15.000 og 20.000 barn lever i fattige familiar i Noreg i dag. - Eg ser til dømes unge som ikkje har lyst til gå i bursdagsselskap, fordi dei ikkje har råd til presangar. Desse ungane opplever eit stort barneran, seier Ågot Valle, som er førstekandidat for SV i Hordaland.

Svært mange av desse er i familiar som er heilt eller delvis avhengig av sosialstønad, men ei undersøking SV har gjort viser at kommunane ikkje følgjer dei statlege satsane.

Medan folk i vanleg arbeid med små barn får støtte frå staten i form av barnetrygd og kontantstøtte, blir dette trekt frå på sosialhjelpa i dei fleste norske kommunar.

Mange kommunar følgjer heller ikkje dei statlege satsane for sosialhjelp, som allereie i utgangspunktet er under halvparten av det Statens Institutt for forbruksforskning meiner folk treng.

- Det er ikkje ideelt at folk går på sosialhjelp, men det er viktig å hjelpe folk opp på eit slikt nivå at dei kan få seg ein jobb. Det er dessverre slik at mange blir både andre- og tredjegenerasjons sosialhjelpsmottakarar, seier Valle.

SV har gått gjennom sosialstønaden i ein del sentrale kommunar i Hordaland. Undersøkinga viser at alle unntatt Ullensvang trekkjer frå kontantstøtta.

Askøy, Osterøy og Os trekkjer òg frå barnebidrag og barnetrygd, medan Odda Ullensvang, Voss og Stord ligg under dei nasjonale satsane for sosialhjelp.

I Bergen har sosialsatsane ikkje vore indeksregulert på to år, medan lønsveksten for resten av samfunnet har vore nærmare ti prosent.
 
< Forrige

Vil du hjelpe oss?


 Vi er avhengig av frivillige bidrag for å kunne drive foreningen. Vil du hjelpe oss?
Les mer her

Forslag til undertekst



På vei til kemneren?

 

Hva mener du ?

Er NAV en del av fattigdomsproblemet?
 
Eksterne lenker: Page: /innhold/sosialsaker-pa-godt-og-vondt/barna-taper-i-fattig-noreg/ :