|
50 prosent auke i sosialhjelputgiftene på Finnøy |
|
|
|
|
søndag 11. juni 2006 |
Artikkelen er hentet fra Stavanger Aftenblad Publisert 07.01.2006 Skrevet av : Jon Asgaut Flesjå
FINNØY: I oktober vedtok formannskapet i Finnøy å redusera sosialhjelpssatsane med heile 30 prosent. Hovudgrunnen til dette var at kommunen heilt sidan 2001 hadde lege svært høgt og hadde dei høgaste satsane blant alle kommunane i Rogaland.
No ligg Finnøy på eit gjennomsnittleg nivå av det som gjeld elles i fylket. Vedtaket har skapt sterke reaksjonar blant dei lokale mottakarane av sosialhjelpa som blei gjort kjent med dette like før jul.
- For attraktiv Varaordførar Magnus Mathiesen meiner Finnøy er blitt for attraktiv for sosialhjelpsmottakarar. - Eg ser ein tendens til at fleire sosialhjelpsmottakarar flyttar til kommunen. Det er ein grunn til at utgiftene til sosialhjelp har auka med heile 50 prosent det siste året, og at driftsbudsjettet på Finnøy Sentralskule har auka med heile 4 millionar på berre kort tid. Også rusproblematikken er tiltakande, noko som særleg har kome til syne no i jule- og nyttårshelga, seier Mathiesen.
No ligg Finnøy på eit gjennomsnittleg nivå av det som gjeld elles i fylket. Vedtaket har skapt sterke reaksjonar blant dei lokale mottakarane av sosialhjelpa som blei gjort kjent med dette like før jul. No reagerer også sentrale politikarar på den kraftige reduksjonen i sosialhjelpssatsane.
- Ei skam - Dette er ei skam, uttrykte stortingspolitikar Karin Andersen frå SV til NRK P1. Magnus Mathiesen, lokal partifelle i Finnøy, slår tilbake mot sin politikerkollega på Stortinget. - Sentrale politikarar må slutta med å kritisera kommunane for deira prioriteringar, seier Mathiesen. - Når sosialhjelpssatsane er høge, kan det føra til ei utvikling der folk flyttar til kommunen vår berre fordi me har høge satsar. Ei slik utvikling ynskjer me ikkje. Me ynskjer at mange skal flytta til kommunen vår frå ulike sosiale lag, men ikkje berre fordi ein har høge sosialhjelpssatsar og gode hjelpeordningar elles, seier Mathiesen. |